På Søre Knipa har hagefugleteljinga blitt ein tradisjon: - Ein følar seg som ein miniforskar

På garden Søre Knipa på Lesjaverk bur ein over snittet fugleinteressert familie.

Familien Vognild på Lesjaverk deltek på hagefugleteljinga kvart år, sjølv om det er mor Heidi som har størst interesse. F.v.: Heidi, Marie, Erlend og Guro. 

Nyheter

Dei siste åra har familien Vognild vore med på den årlege hagefugleteljinga så godt som kvart år. Sjølv om det er mor Heidi som tek opp det meste av interessa har den også smitta over på dei tre barna, Guro (11), Erlend (14) og Marie (16).