Håkon sitt bidrag skal vera med i ei skriftsamling:

Bygdegut i byen

Skrivekonkurransen Unge røyster vert lyst ut for dei med tilknyting til Gudbrandsdalen. Håkon Noren (24) frå Lesja var ikkje sein med å sende inn eit bidrag.

Engasjert utflytt døl: - Eg har sterk tilknyting til Lesja og Gudbrandsdalen og vil ta vare på historie og kultur, og i tillegg har eg fått meir interesse for korleis det var å leve her før, fortel Håkon Noren.  Foto: PRIVAT

Nyheter

No skal teksta hans vera med i skriftsamlinga med same namn.

- Vil ta vare på historie og kultur
- Det er ei personleg tekst som handlar om meg og tilknytinga du får til ein stad. Eg skriv om garden eg vaks opp på, at eg er glad i naturen og vissheita om at slektningane mine har budd der. Eg har tenkt mykje over kva det har hatt å seie for identiteten min, fortel Håkon.

Skrivekonkurransen vert sett i gang av foreininga Stiftinga G-Kultur for dei mellom 16-30 år med noko å fortelje. Teksta til Håkon er basert på sannheit sidan han tek seg sjølv og heimstaden som utgangspunkt. Det som vert skildra er basert på historier han vert fortald av farmora si på garden på Leirmo. Han tykkjer det er fascinerande å tenkje over og prøve å forstå korleis det var å leva på Lesja for 90 år sidan.