Les teksta til Håkon:

Om det å flytte på seg

Dette er bidraget til Håkon Noren i skrivekonkurransen Unge røyster, som skal vera med i skriftsamlinga med same namn under arrangementet Utflytt døl i februar.

Torvetak, mjølkespann og friskt gras til kua er sjølve biletet på "før i tida" (bilete av Brenden seter).  Foto: Arkiv

Sjølvet kan bytte bustad.

Håkon Noren
Nyheter

Guten kikkar oppover dei lafta veggane som kransa plassen som før var eit gardstun. I torva på låvetaket forsøkjer ei lita furu å strekkje seg i vêret. Inne forsøkjer sola å ete seg gjennom tak og veggar, og einskilde strålar kastar ljos på gamalt høystøv. På breie golvbord står ein rusten svartomn under torv frå eit hol i taket. Lafta hus kollapsar ikkje, dei liksom sig saman lik ein isbre røyver seg nedover dalføret. Tømmerhusa som kom frå skogen, vender attende når mose og furutre slår rot i taka.