Stiftinga G-Kultur avviklast i juni

Den 1. februar 2019 var siste gong Stiftinga G-Kultur tok imot søknadar om tilskot. Dette er fordi styret har vedteke at stiftinga skal avviklast innan 30. juni 2020.

Naturleg avslutning - Dette var planen heile tida, fortel nestleiar i Stiftinga G-Kultur, Kjell Austin.  Foto: Privat

Nyheter

Stiftinga G-Kultur er etterfølgjaren til Gudbrandsdalslaget som vert skipa i 1920. Målet deira var å gi utflytte døler ein lettare overgang frå bygd til by. I 2013 vert Stiftiga G-Kultur oppretta og fekk i oppdrag å forvalte arven etter Gudbrandsdalslaget og gje økonomisk tilskot til kulturaktivitetar- og verksemd tilknytt Gudbrandsdalen. Men innan sumaren i år skal dette altså avviklast.