Lesja kommune kjøper regnbogeflagg:

– Vi tek imot alle med åpne armar

Nå skal Lesja kommune gå til innkjøp av eigne regnbogeflagg.

No skal Lesja kommune gå til innkjøp av regnbogeflagg.   Foto: Hedda Marie Westlin/Oslo Pride

Nyheter

Flagga skal bli brukt ved eigne arrangement, eller ved pride-markeringar ellers i landet. Det var Lesja Arbeiderparti som kom med forslaget under kommunestyremøtet denne veka, og fekk med seg eit einstemmig kommunestyre på forslaget.

– Det er viktig å markere at Lesja er ein kommune for alle. Vi skal vere tolerante og møte alle med åpne armar, uavhengig av seksuell legning og rase, seier Gry Sletta i Lesja Arbeiderparti.

Ho seier det er viktig å markere dette, både for lesjingane sjølve - og for tilreisande og forbipasserande.

– Vi er inkluderande og rause. Regnbogeflagget har ein symbolikk som er viktig, seier ho.

Det er ikkje planar om eit eige Pride-arrangement i Lesja, men Sletta seier at Arbeiderpartiet gjerne kan vere med på noko slikt.

Store norske leksikon skriv at regnbogeflagget er eit symbol for homobevegelsen. Flagget blir nytta i feiringa av pride, og står for skeivt mangfald og inkludering. Symbolet vart skapt i San Francisco på slutten av 70-talet, og er i dag eit symbol på heile heile LHBTI-spekteret (lesbiske, homofile, bifile, trans og intersex) og andre minoritetar på kjønns- og seksualitetsfeltet.