Sjå bildedryss frå Utflytt døl

Gudbrandsdølar markerte seg i Oslo førre helg.

Internasjonal dovring: Per Arne Glorvigen frå Dovre, internasjonalt kjent utøvar på bandoneon.  Foto: Semming Austin

Nyheter

1. februar arrangerte stiftinga G-Kultur kulturarrangementet i Teatersalen i Nynorskens hus i Oslo. Her var skriftsamlinga Unge røyster 2020, der loringen Håkon Noren var ein av bidragsytarane. Arrangementet vart skipa i stand for å markere at det var akkurat 100 år sidan Gudbrandsdalslaget i Oslo vart til.

Magnhild Bruheim var konferansier, og Inge Eidsvåg Per Arne Glorvigen og Jon Faukstad tok også del i programmet. Olav Brostrup Müller, kultursjef Lillehammer kommune, Hans Erik Kjosbakken, redaktør i Fjuken, Ragnhild Kolden, forfattar frå Lom/Oslo og Sigrid Sørumgård Botheim, forfattar og seniorrådgjevar i Språkrådet frå Lesja/Oslo var særskilt invitert.


Sjekk: Honorerte bidragsytarar i skrivekonkurransen Unge røyster i 2019, f.v.; Idunn Maria Brosset (Skjåk), Hanna Nordlien Berg (Nord-Fron), Håkon Noren (Lesja), Åshild Slåen (Sel) og Ragnhild Sveen Tande (Vågå).  Foto: Semming Austin

Takketale: Honorerte bidragsytarar saman med programleiar Magnhild Bruheim.  Foto: G-Kultur

Helsing frå dalen: Mette Vårdal hadde helsing «frå dalen» og som tidlegare leiar i Noregs Ungdomslag.  Foto: G-Kultur

Helsing frå byen: Rina Mariann Hansen helsa frå Oslo kommune. Ho er byråd for kultur, og med mor frå Skjåk og far frå Sjoa.  Foto: G-Kultur

God stemning: Det var godt frammøte og stor stemning i Teatersalen i Nynorskens hus i Oslo.  Foto: G-Kultur

Frå juryen: Astrid Brekken presentert juryen si vurdering i skrivekonkurransen Unge røyster. Astrid er frå Lesja, tidlegare programleiar i NRK, har skrive og omsett fleire bøker.  Foto: Semming Austin

Ibsentolkar: Per Arne Glorvigen er entertainar av rang, og framførte monologen «Den globaliserte Peer Gynt».  Foto: G-Kultur

Dølatreff: Mange gudbrandsdølar på plass i Teatersalen i Oslo.  Foto: G-Kultur

Samspel: Jon Faukstad og Per Arne Glorvigen. Jon Faukstad frå Heidal, mangeårig professor ved Musikkhøgskolen og blant våre alle fremste på trekkspel og akkordeon  Foto: Semming Austin