Paul Gunnar Lien sluttar som organist og dirigent:

- Det har vore eit privilegium

Paul har vore dirigent og ei musikalsk sjølvfølgje i ei årrekke, og mang ein songfugl har hatt han som rettleiar dersom tonane vert sure. Til hausten har han sagt opp stillinga si.

Gir seg: Paul Gunnar Lien fortset i jobben sin fram til august. Etter det legg han ned lokket på pianoet.  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

- Eg har drive på i mange år og no fortenar dei nokon ny. I tillegg slit eg med ei hand som, til tross for ein operasjon for tre år sidan, ikkje fungerer godt. Det gjer det ikkje enkelt å akkompagnere. Difor skal eg slutte i organistjobben og koret, fortel Paul Gunnar Lien.