- Det skal vera trygt å handle lokalt

Førre veke gjekk sportsgiganten Gresvig konkurs, som vil seie at Intersport og G-Sport forsvinn frå marknaden. Korleis påverkar noko slik ein mindre butikk som Jo Holum Sportsservice?

Fleire konkurrentar: - Sportsvarar finst ikkje berre i sportsbutikkar lenger; folk får tak i det dei treng anten på nett eller i butikkar som selg alt mogleg, seier dagleg leiar for Jo Holum Sport Andreas Holum.  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

Når ein av dei store går ad undas, er det ikkje rart dette gir ringverknader på butikkar og bedrifter. Det som kan vera det "positive" ved ein slik konkurssmell, er at dei mest solide butikkane står att.