Kan tilby heimlevering med hjelp frå bygdekvinnelaget

Lesjaskog Bygdekvinnelag har teke grep for å hjelpe dei som er sjuke eller sitt i karantene på grunn av koronaviruset.

Tilbyr heimlevering: Lesjaskog Bygdekvinnelag kan i samarbeid med nærbutikkane i den austlege enden av Lesja tilby leverinng av daglegvarer heim til folk som sitt i karantene. Ellinor Torsgård Solheim ved Bunnpris Bjorli og Laila Brøste i bygdekvinnelaget er positive til samarbeidet.  Foto: Privat

Nyheter

I samarbeid med nærbutikkane på Bjorli, Lesjaskog og Lesjaverk kan dei tilby heimlevering av matvarer heim til dei som måtte trenge det i desse tider.

Tilbyr hjelp der det trengs

- Dette er noko vi kan gjere utan at vi utsett våre medlemmar for fare. Når eg spurte om nokon var interesserte i laget var det 15 damer og éin kar som melde seg frivillig til å levere daglegvarer heim til folk, fortel leiar for lokallaget, Laila Brøste.

Dei kan med dette tilby heimlevering til folk på Bjorli, Rånå, Lesjaskog og Lesjaverk. Joker-butikken på Lesja tilbyr allereie same teneste frå før, og har skilta med det den siste tida. Bunnpris på Dombås har også gjort det same.

- Vi går i hovudsak ut til folk som sitt i karantene, men kan også tilby oss levering til folk som kvir seg for å reise på butikken sjølve i frykt for å bli smitta, seier Brøste.

Dei som er interesserte i tenesten kan ta kontakt med sin nærbutikk, som står for å plukke ut varer. Butikken tek dermed kontakt med Bygdekvinnelaget om utlevering, som har oversikt over sjåførane som er villige og tilgjengelege til å køyre det ut til folket.

- Ein må hjelpe medmenneske i bygda, og med dette støttar vi også dei lokale butikkane som har vore positive til samarbeidet, seier Brøste.

Positiv: Stine Slettum Kolberg ved Coop Marked Lesjaverk er positiv til Lesjaskog Bygdekvinnelags tiltak. 

Mindre trafikk

Stine Slettum Kolberg ved Coop Marked på Lesjaverk meiner det er bra at bygdekvinnelaget tek på seg eit slikt ansvar.

- Det er triveleg at vi kan hjelpe kvarandre, seier den butikktilsette ved nærbutikken som ikkje hadde ei liknande ordning frå før.

Før helga har hyttefolk strøyma til bygdene, noko butikkane i Lesja og Dovre merka av. No som myndigheitene har sagt at dei må heim har situasjonen stabilisert seg noko.

- Det var litt ekstra trafikk her før helga, men etter at hyttefolket reiste er det mindre enn normalt, seier Kolberg.