Matbutikkane fekk ein brå oppsving:

– Kundetrafikken har normalisert seg

På torsdag og fredag førre veke fekk matbutikkane i Lesja og Dovre vere vitne til hamstretendensar blant kunder.

Torill Blakarstugun ved Coop Mega Dombås seier at kundetrafikken har normalisert seg.  

Nyheter

Etter utbrotet av koronaviruset i landet har folk flokka seg til daglegvarehandelen for å kjøpe det dei treng, og butikkhyllane vart raskt tomme for ting som dopapair, mjøl og tørrvarer. Butikkane vart ikkje ramma av myndigheitenes tiltak om å stenge fleire verksemder, og får framleis halde opne dørar.