Søkjer bedrifter til å skape unike opplevingar rundt villreinløypa

Nettverk av bedrifter i Nord-Gudbrandsdalen kan no søkje på prosjektmidlar for utvikling av reiselivsprodukt knytt til villrein.

Villreinløypa får støtte frå Miljødirektoratet i form av 300.000 kroner i midlar til kvart av tre pilotprosjekt over eitt og eit halvt år.   Foto: ILLUSTRASJON/ ISTOCKPHOTO

Nyheter

Prosjektet Villreinløypa utlyser inntil tre pilotprosjekt kor bedrifter kan vidareutvikle eksisterande og nye produkt og tilbod saman i bedriftsnettverk. Prosjekt som blir plukka ut vil få tilgang på midlar og tett oppfølging over ein 1,5 års periode.