Vigga vil ha bilde frå deg:

Her har Guro og Gaute original koronagym

Heimeskule har fått både lærarar og elevar til å tenkje nytt.

Guro Vognild (t.v) og Gaute Skotte er to skuleelevar som har laga seg eigne koronagym-opplegg.   Foto: Privat

Nyheter

Den første veka med heimeskule med digitale løysingar er over. Gym er eit av faga som det er vanskeleg å gjennomføre digitalt, og elevane har måtte vore kreative. To av elevane på Lesjaskog har brukt tida ute i finværet. Guro Vognild frå Lesjaverk har brukt både ski og spark i gymtimane. Gaute Skotte frå Lesjaskog har laga seg styrketreningsbane med hinder.

Har du bilde frå di første veke med heimeskule?

Artige gymtimar, fine heimearbeidsplassar, gøyale kunst- og handverksprosjekt eller dagar med spesielt god lunsj? Da vil vi sjå bilda dine!

Bruk #viggalokalavis på Instagram eller send bilde til post@vigga.no.

Oda Karlsen Enstad har sørga for at hunden Selma har fått seg nytt antrekk av ei gamal pysjbukse.