Kyrkjene blir godt bevokta:

Einar er frivillig kyrkjevakt

Då Einar Utgaard frå Lesja fekk spørsmålet om å vere med som frivillig kyrkjevakt, var svaret sjølvsagt ja. – Ein tenkjer jo at det kan gjenta seg, seier Einar.

Kirkevakt: Einar Utgaard var kirkevakt i de sene nattetimer ved Lesja kirke.  Foto: Privat/Simen Rudiløkken

Nyheter

Det er mørkt og seint, men Einar stillar opp i refleksvest og med lommelykt på hovudet. Han skal nemleg passe på Lesja kyrkje i natt så det ikkje skal skje ei gjentaking av det som nett har skjedd med to andre kyrkjer med berre ein månads mellomrom.

Roleg kveld
Arbeidsoppgåvene til Einar var å patruljere rundt kyrkja og passe på at alt var som det skulle vere. Dei var to stykk på vakt samstundes og tykte det gjekk greitt.

- Det var ein roleg kveld. Det var kaldt og klart og eg har jo VG og Dagbladet på mobilen så eg kunne lese nyheiter der, seier Einar.

Laurdag 21. mars kom det nemleg ut at politiet har gripe den som står bak kyrkjevandaliseringa. Likevel drog Einar på vakt. Dei fekk beskjed om å køyre det planlagde opplegget.