Ønsker utvida frist for supplerande skuleutreiing

Ad hoc-gruppa ber Dovre kommunestyre om utvida frist for den supplerande skuleutreiinga som går føre seg i desse dagar.

Ei ad hoc-gruppe arbeider i desse dagar med ei supplerande skuleutreiing, men ønsker meir tid til arbeidet.  Foto: Monica Hjelle

Nyheter

Ad hoc-gruppa er samansett av ein representant frå kvart av partia i kommunestyret, og desse fire har jobba med saken sidan starten av februar. Den fastsette fristen var allereie knapp i utgangspunktet, og var satt til 1. mai i år. Nå har koronasituasjonen gjort arbeidet for ad hoc-gruppa vanskeleg, og dei har derfor bede om at fristen blir utsett, med forslag om den 1. oktober som ny frist.