Sigrid med folkemusikktekstar

Forfattaren Sigrid Sørumgård Botheim frå Lesja har vore med og skrivi tekstene til Spring du fela sitt andre album: Ein skyttel full av song – folkemusikkpoesi.

Lokal tekstforfattar: Sigrid Sørumgård Botheim har skrivi nye tekster inspirert av to musikarar frå Lom til folkemusikkalbumet Ein skyttel full av song.   Foto: Ingvil Skeie Ljones

Nyheter

Albumet formidlar historier om felespelarar, dansarar og andre folkemusikarar. Fleire forfattarar har fått historier, og skrivi ned nye tekster inspirert av folkemusikarane.

Lomverar

Sørumgård Botheim har skrivi om slåttekomponisten Sjugurd Garmo frå Garmo, og felespelaren Per «Spelmann» Kringelhaugen frå Bøverdalen. To ulike felespelarar frå ulike tider, som det fins mykje musikk etter og som begge har prega tradisjonen.

– 4.-5.klassingane på Lesjaskog, Lesja, Dovre og Dombås har allereie høyrt historiene og låtene frå Spring du fela. Camilla Granlien og eg spela skulekonsertar for dei i vinter. Det var utruleg hyggeleg, på Dombås hadde elevane laga lunsj til oss til og med, fortel Ljosnes.

Lagnadar

I albumet Ein skyttel full av song og boka som kjem ut i slutten av neste veke vil felespelar Mari Skeie Ljones servere seks forfattarar sine historier om folkemusikarar, der dikta handlar om både merkverdige, legendariske og triste lagnadar.

Ljones har komponert musikken saman med Granlien, som er både tekstformidlar og songar. Ho syng i tradisjon etter nokre av dei tekstane til Spring du fela handlar om. Skeie Ljones vil få fram den ærlege og varme tonen, og brenn for formidlinga av historiene om dei som har forma tradisjonsmusikken. Dei har saman med multiinstrumentalist Olav Christer Rossebø og jazzbassist Jo Skaansar spelt i lag i mange år, i ulike grupper. Som Spring du fela ga dei ut sin fyrste plate i 2015.

Fascinert av folkemusikarar

– Eg har samla informasjon om folkemusikarar som har fascinert meg, og som eg vil fortelje om. Nokre høyrde eg om for fyrste gong som lita jente, andre har eg møtt på som vaksen gjennom ei bygdebok. Poetane Ruth Lillegraven, Anna Kleiva, Gaute M. Sortland, Sigrid Sørumgård Botheim, Hilde Myklebust og Torbjørn Ljones har lese forteljingar, sett videoar og høyrt musikken etter dei tretten personlegdomane, og har skrive tekstar slik at eg synest eg kan sjå og høyre alle dei folkemusikarane eg sjøl aldri har, fortel Skeie Ljones.

Fredag 24. april kjem Spring du fela ut med Ein skyttel full av song, som er Spring du fela si andre utgjeving. Det er ei bok med ein cd, med ny poesi og ny musikk. Platesleppturnéen er sett på vent, men det blir strøymekonsert frå Riksscenen kvelden før platesleppet.