Opnar opp for kyrkjeleg aktivitet med opptil 50 deltakarar

Kyrkjene i Lesja og Dovre opnar no opp att for gudstenester, kyrkjelege handlingar og konfirmantaktivitet.

Kyrkjene i Lesja og Dovre opnar no opp att for diverse aktivitet.  Foto: Arkiv

Nyheter

Regjeringa har gjeve løyve til at det kan vere arrangement med inntil 50 personar til stades, så fremt at smitteverntiltak blir gjennomført, og med minst ein meters avstand mellom kvar person.

- Mindre kyrkjer som Lesjaverk kyrkje og Eysteinkyrkja vil ha rom for færre deltakarar, legg kyrkjeverje i Dovre, Elin Marit Andgard til.

Den Norske Kyrkje har laga ein smittevernvegleiar som departementet har godkjent, og som lokalkyrkjene må basere sin eigen smittevernplan på og sørgje for at alle følgjer den.

- I kyrkja gjeld det som er vorte kjende smitteverntiltak. Den som har luftvegssymptom, har korona eller er i karantene skal ikkje delta. Handsprit er utplassert ved inngangen og alle blir oppmoda om å røyre på minst mogleg, informerer kyrkjeverja.

Avstandsregelen på ein meter gjeld personar som ikkje bur i same husstand. For å «styre» plassering, vil program bli lagt ut i dei benkane som kan brukast, og dei kyrkjetilsette sørger for at kyrkja blir reingjort etter bruk.

Forskrifta for Covid-19 og lokal smittevernlege har også pålagt kyrkjene å halde oversikt over kven som er til stades i kyrkja, for å kunne spore smitte dersom det blir aktuelt.

- Ved inngangen blir folk bedt om å oppgje namn og telefonnummer til kyrkjeverten. Lista vil bli lagt i ein konvolutt som blir lagra på ein sikker stad og makulert etter 10 dagar, slik at alle skal vere trygge på at informasjonen ikkje kjem til uvedkommande, seier Andgard.

Ved dåp, vigsel eller gravferd kan det no vere inntil 50 personar i kyrkja. Her vil deltakarlister ordnast i samarbeid med familien.

Første ope gudsteneste i kyrkjene blir først 1. pinsedag, den 31. mai. Kyrkjene kan også starte opp att med trusopplæring og aktivitetar for barn og ungdom, innanfor same smittevernreglar.

- Vi er oppmoda om å prioritere konfirmantane, og vil ha kontakt og opplegg med konfirmantane før sommaren, avsluttar Andgard.