Hjerleid med kurs i Lesjamåling

Handverksskulen på Hjerleid held til sumaren kurs i Lesjamåling - rosemålingsteknikken frå Lesja.

Inger Haugan er instruktør på kurset i Lesjamåling.  Foto: Hjerleid

Nyheter

I 2019 kom boka Rosemåling frå Lesja, som grundig tek for seg målestilen som vart utvikla frå starten av 1700-talet. Rektor ved Handverksskulen, Helle Hundevadt, has lese boka med stor interesse og seier det er særs viktig at denne kunnskapen ikkje blir borte.

- All rosemåling har sine dialektar. Lesjamålinga har variasjonar og fargekombinasjonar som er heilt annleis enn andre plasser, forklarer ho og legg til at det spesielle med Lesjamålinga er at det er mykje klåre farger.

- Ofte ikkje meir enn tre til fire farger, som raudt på svart bakgrunn, samt kvitt og blått eller grønt. I tillegg er stilkane på rosene spinklare, utdjupar ho.

Tek opp igjen tradisjonen

Det var særleg mellom 1770 og 1870 at Lesjamålinga hadde si stordom. Nå kan den få ein ny renessanse, da Hjerleid vil halde eit firedagars kurs til sumaren, med grunnleggjande innføring i måleteknikken.

- Er det nokon som bør ta tak i dette, så er det Hjerleid. Det hadde vore artig om nokon tok opp igjen tradisjonen. seier rektoren.

Instruktør er Inger Haugan. Ho er tidlegare elev ved Hjerleid og har nytta den siste tida til å sette seg godt inn i teknikken.