I 40 år har Maja og Erland invitert musikkforeninga heim på 17. mai-frukost: - I år er det siste gongen

For førtiande og siste gong inviterte Maja Gule Løkken og Erland Løkken Dombås Musikkforening heim til seg på sjølve nasjonaldagen.

Sidan 1981 har Maja Gule Løkken og Erland Løkken invitert Dombås Musikkforening heim til garden på nasjonaldagen.  Foto: Simen Rudiløkken

Nyheter

Det som har vore ein årleg tradisjon sidan 80-talet fekk ei heiderleg avslutning på årets 17. mai. Sidan 1981 har ekteparet Løkken invitert musikkforeininga heim til seg på frukost før dei skal ut og spele på nasjonaldagen, og i år var ikkje noko unntak, sjølv om ting vart litt annleis.