Håpar at nytt tilbod innan psykisk helsehjelp skal gjere det enklare å søke hjelp

Psykisk helseteneste i Dovre kommune har eit nytt tilbod for dei som ønskjer psykisk helsehjelp.

Kari Rudi, Anita Vean og Leena Kaarbø ved psykisk helseteneste i Dovre har innført eit nytt lågterskeltilbod for dei som ønskjer hjelp.   Foto: Simen Rudiløkken

Nyheter

Rask psykisk helsehjelp i Dovre kommune (RPHDK) er ein ny type behandling som er blitt anbefalt frå nasjonalt hald, og som Dovre kommune no har laga sin eigen versjon basert på eksisterande moglegheiter og ressursar, og har i den forbindelse fått midlar frå Fylkesmannen.