Lesja førebur seg på flom - kan stenge vegen på Lesjaleira på stutt varsel

Lesja kommune har ekstra fokus på flomfaren, og vil vere føre var.

Slik såg det ut ved Bjøknebrue på Lora i 2018.   Foto: Eirik Sletta

Nyheter

Lesja kommune meldte fredag at tilsynsnemnda for flomverket på Lesjaleira, styret for Lesjaleira grunneierlag, beredskapssjefen og Lesja kommune har hatt møte for å drøfte tiltak i samband med ventande flom.

– Det vart i møtet bestemt at flomverket vil bli stengt på eit tidlegare stadium i høve til flomutvikling enn det som har vore vanleg dei seinare åra, står det på heimesidene deira.

Landbruksrådgjevar Mats Heidsve seier at dette først og fremst er på grunn av sikkerheita til personane som ferdast der. Bryt vatnet gjennom flomverket kan det vere vanskeleg å koma seg derifrå. Det er også eit moment at sjølve flomverket vert svakare når vatnet bryt gjennom.

Sist dette vart gjort var det stengt for ferdsel frå Prestgardsbrue på Lesja til Bjøknebrue på Lora.

Heidsve fortel at kommunen har vore ute for å sjå korleis det ser ut med tanke på gjenstandar flommen kan ta med seg. Dei vil prøve å inspisere både Lesja og Dovre den næraste tida.

– Det er ryddig og fint. Det er ikkje fare for at rundballar kan bli tatt av vatnet, og lite rundballplast, seier Heidsve.

Han oppfordrar private grunneigarar til å ta ein sjekk på stikkrenner langs sine veganlegg.

Varmegradane som kjem i helga vil føre til stor snøsmelting i fjella. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) melder om flaum, jord og snøskred i heile landet, skriv NRK.

I Nord-Noreg skal det vere 95 prosent sannsyn for flaum med vedvarande alvorlege skadar, i Trøndelag er sannsynet for flaum 90 prosent, medan det i Sør-Noreg er 75 prosent sannsyn i Gudbrandsdalslågen ved Losna.