La verdspremiere til Dombås skule

Det blei ein annleis premiere på den nye animasjonsfilmen til Anita Killi enn ho hadde sett for seg, da Dombås skule spurte om ho ville syne den fram for elevane.

Filmskaparane i Trollfilm: Marita Mayer, Anita Killi og Jens Jonathan Gulliksen i Trollfilm var stolte over å presentere filmen sin. Anne Marie Aa, som også deltok i prosjektet, var ikkje til stades under premieren. 

Nyheter

Dette var første gong filmen blei vist framfor eit faktisk publikum, og i ekte premierestil var det servering av brusande drikke i champagne-glas og fat med spekemat og flatbrød.