Første markering ved Dombås kyrkje etter brannen: – Evangeliet let seg ikkje stanse

Biskop Solveig Fiske tok turen til Dombås på søndag for å halde den første gudstenesta i soknet sidan kyrkjebrannen i februar.

Biskop Solveig Fiske leia forsamlinga frå Dombås kyrkje til Dombås hotell, kor det var duka for den første gudstenesta på Dombås sidan brannen i februar. 

Nyheter

I overkant av 20 personar møtte opp i sommarvarmen utanfor Dombås kyrkje denne dagen for å delta i seremonien. Biskopen førte følgjet bort til Dombås hotell, kor sjølve gudstenesta vert arrangert.