16 900 færre arbeidssøkjarar den siste veka

Tysdag var det registrert 304.700 heilt ledige, delvis ledige og arbeidssøkjarar på tiltak hos Nav. Dette utgjer 10,8 prosent av arbeidsstyrken.

Talet på arbeidslause i Norge går ned, syner tal frå Nav.   Foto: Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix

Nyheter

Den siste veka har det vorte 16.900 færre arbeidssøkjarar.

– Trenden vi har sett dei siste vekene, held fram. Færre permitterte er no registrerte hos Nav, noko som tyder på at stadig fleire vender tilbake til arbeid, seier arbeids- og velferdsdirektør i Nav, Sigrun Vågeng.

I Innlandet var det registrert 8 184 personar som heilt arbeidsledige 16. juni. Det er en nedgang på rundt 600 personar frå 9. juni. 8 960 personar var registrert som delvis ledige.

Bruttoarbeidsløysa, som er summen av talet på heilt ledige og arbeidssøkjarar på tiltak, er 163.600 personar, eller 5,8 prosent av arbeidsstyrken.

I tillegg er 141.100 personar registrerte som delvis arbeidsledige. Totalt er dermed 304.700 personar, eller 10,8 prosent av arbeidsstyrken, registrert som arbeidssøkjarar.

Det er flest arbeidssøkjarar busett i Oslo, færrast busett i Nordland. Det er flest arbeidsledige i aldersgruppa 20-24 år.

(©NPK)