Her kjempar Sigurd mot blåleddved

Blåleddved. Det er ei plante du trur du ikkje har høyrt om, men som du heilt sikkert har sett.

Kommunal eigedom: Sigurd Vie Alme seier kommunen skal starte med å fjerne blåleddved på eigen eigedom. Her utanfor kommunehuset. 

Nyheter

No har Lesja kommune bestemt seg for å ta opp kampen mot denne veksten som ikkje høyrer heime her i landet. Blåleddved er ein framand art som har risikokategorien svært høg risiko på framandartslista. Dei finnast i store og små førekomstar, det er særleg høg konsentrasjon i og rundt bustadfeltet ved Lesja sentrum, samt andre stadar i kommunen.