Finalistar:

Dombås musikkforening er vidare i nettkonkurranse

Over 100 korps deltek i den såkalla VIVO-konkurransen og Dombås musikkforening er med i finala. Vinnarane blir kåra på søndag.

VIVO-konkurranse: Sidan dei ikkje kan vere med i faktiske konkurransar eller ha konsertar, meldte Dombås musikkforening seg på den nettbaserte VIVO-konkurransen til NMF. - Eg trur dei tykte det var artig å bli med og å få sjå opptaket etterpå, seier leiar for Dombås musikkforening Thor Amund Ruste.  Foto: Simen Rudiløkken/arkiv

Nyheter

Det skal til saman kårast eitt vaksekorps og eitt skulekorps, så det er to konkurransar som går etter kvarandre.