– Det er godt å vere attende og kunne spreie litt danseglede

For første gong sidan mars kunne Lesja og Dovre Danseteam arrangere kurs igjen.

Marie Olsen-Bye kunne arrangere danseundervisning heime på Dombås for første gong sidan mars. Her saman med Daniel Fiskvik, som hadde reist heilt frå Stjørdal for å delta. 

Nyheter

Marie Olsen-Bye brukte helga på å arrangere hip hop workshop for dei unge dansarane i bygda, noko som vart eit populært tilbod, sjølv om dei berre hadde plass til 20 deltakarar.