Dovre helsestasjon har fått midlar frå Helsedirektoratet:

Fysioprosjekt undervegs i barnehagen og skulen

I september blir det satt i gong eit prosjekt i barnehagen og skulen på Dovre som skal stimulere til auka fysisk og psykisk aktivitet.

Spente: Ingvild Haugom (t.v.) er ikkje med på prosjektet, men jobbar 100 prosent som fysioterapeut i Dovre kommune. Helene Gjerde (midten) og Elin Beate Galstad er dei som står bak nysatsinga. - Vi ser fram til å starte. Det er spanande å jobbe med barn og unge, seier Gjerde.  Foto: Dovre kommune

Nyheter

Det er fysioterapeut Helene Gjerde og Elin Beate Galstad innanfor helsestasjon- og skulehelsetenesta som står for planlegginga og gjennomføringa av prosjektet. Tilskotet tilsvarar ei 100 prosent stilling.