35 millionar «koronakroner» til utbetring av E136 og E6

Vegvesenet skal utbetre to strekningar i Lesja og Dovre, og har satt to entreprenørfirma frå Gudbrandsdalen på saken.

Utbetring av teleskader, setningar og parti med dårleg bereevne er nokre av tiltaka som skal gjerast på E6 og E136 til hausten.  Foto: Vegar Antonsen, Statens vegvesen

Nyheter

Åge Haverstad AS vann kontrakten om vegarbeidet på E6 mellom Selsverket og Nord-Sel, samt ei kort strekning sør for Dombås sentrum. Dokka entreprenør skal utbetre punkter langs E136 mellom Dombås og Lora. Begge oppdraga blir finansiert med koronamidlar.

- Arbeidet på E6 og E136 vil i hovudsak gå føre seg på eksisterande veg og vegens sideterreng. Det blir utskifting av stikkrenner og drenssystem, utbetring av teleskader, setningar og parti med dårleg bereevne samt dekkelegging, kan Anteja Solberg i Statens Vegvesen informere om.

Det er satt av til saman 35 millionar koronakroner til utbetringstiltaka frå Stortingets første krisepakke til vegformål der 600 millionar kroner ekstra vart gjeve for å halde hjula i gong i anleggsbransjen.

Det førebuande arbeidet på E6 blir sett i gong den første veka i august, for så å starte opp for fullt veka etter. Arbeidet på E136 blir også sett i gong i starten av august.

Begge oppdraga skal vere ferdig i løpet av hausten 2020.