Mange lokale aktørar samla om nytt tilbod:

Reinstrakk-tur frå Filling sæter

Laurdag 27. juni møtte 13 ivrige turgåarar opp på Lesja stasjon klukka 8:45, klare til å ta fatt på ein lang, men lærarrik tur.

Tussheimbue siste stopp: Sola skein og gjorde dagens siste fellesstopp, Tussheimbue, til ein fin slutt på ein lærarrik tur (heile gruppa er ikkje med på biletet).  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

Turen gjekk til Filling sæter på Dalsida med buss. Frå her gjekk dei til fots etter den gamle setervegen som blei nytta frå gamalt av når Lesjafolket skulle til og frå setrene på Dalsida.