9,5 millionar næringskroner ekstra til Nord-Gudbrandsdalen

Fylkesutvalet i Innlandet fylkeskommune har fordelt 65,6 millionar kroner til ekstraordinære kommunale næringsfond. Nesten ti av desse hamna i vår region.

Ekstra næringskroner til kommunane etter koronautbrotet.  Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Nyheter

Dovre fekk mest av alle dei seks kommunane. 1 780 040 kroner kjem ekstra inn på Dovres næringsfond. Lesja kommune mottek 1 495 565 kroner, minst av kommunane i regionen.

Målgruppa for midlane er bedrifter og næringsaktørar. Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og til andre næringsretta tiltak som kommunane meiner er viktige for å motverke negative verknader av kornavirus utbrotet. Betydinga for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet skal vektleggjast.

I vurderinga av søknadene om tilskot skal det leggas særlig vekt på fleire ting. Det er i kor stor grad tiltaket fremmer auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, i kor stor grad ein kan anta at bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak vil motverke negative verkingar av virusutbrotet - og kor raskt tiltaket kan settast i gang.

– Midlane vil bli utlyst i august. Kommunane er svært glade for å kunne få denne moglegheita til å støtte næringslivet i ei vanskeleg tid, seier Live Brimi, næringskoordinator i Vågå kommune, på vegne av kommunane i 6K næring.

Slik vart midlane fordelt:

Dovre

kr. 1 780 040,-

Lesja

kr. 1 495 565,-

Skjåk

kr. 1 505 805,-

Lom

kr. 1 723 285,-

Vågå

kr. 1 535 550,-

Sel

kr. 1 550 635,-