Direktøren ved Gudbrandsdalsmusea på gudbrandsdalsreise:

På tur med gråtass og «gullegg»

I ei veke skal museumsdirektør og Gudbrandsdalsambassadør Øystein Rudi på road trip gjennom Gudbrandsdalen. Framkomstmiddelet er ein original gråtass med den like originale campingvogna kalla «gullegget».

Gudbrandsdalsferie: Øystein Rudi er direktør ved Gudbrandsdalsmusea og innleiar fellesferien med ein langtur gjennom Gudbrandsdalen - med gråtass og campingvogn som reisefølgje.  Foto: Gudbrandsdalsmusea

Nyheter

Både traktoren og campingvogna er frå 1954. Målet med turen er å vise fram attraksjonar, aktivitetar og rett og slett det beste dalen har å tilby.

Turen starta torsdag 9. juli i Ringebu og skal ende i Skjåk den 15. juli. Då har Rudi vore gjennom alle kommunane. Undervegs skal han leggje ut bilete og film, prate med spanande menneske og han kjem til å dele sine feriefavorittar frå dalen på sosiale media.

Tysdag 14. juli er Rudi i Lesja og då skal han ta ein tidleg frukost hjå Avdem. Etter det blir det besøk i Lesja kyrkje og Lesja bygdemuseum før turen går vidare til Slådalsvegen og Vågå.