Leirdueskytinga i Lordalen er i gong att

Det har ikkje blitt skote opp ei einaste due på leirduebana i Lordalen sidan førre instruktør Bjørn Roger Holte døde i fjor. No er det i gong att med nye instruktørar og ivrige skyttarar, både erfarne og nybegynnarar.

Bra oppmøte: Gunnar Kikut og Else-May Botten Norderhus framom eit knippe skyttarar som kom søndag. - Det er mange som kjem for å skyte kvar helg, seier Norderhus.  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

Rundt 15 skyttarar kom innom søndag 12. juli for å prøve seg på leirdueskyting. Dei med årelang erfaring hadde med skytevåpen sjølve medan nybegynnarane fekk låne på huset.