No kan elevar søke stipend for neste skoleår

Har du fått skoleplass for hausten og takka ja til den, kan du søke om stipend frå Lånekassen.

No kan du søke stipend for skoleåret 2020/2021.  Foto: Gorm Kallestad/NTB Scanpix

Nina Schanke Funnemark, administrerende direktør i Lånekassen.  Foto: Lånekassen/Hege Aas

Nyheter

– Alle elevar på vidaregåande skole kan få utstyrsstipend frå Lånekassen. Dei søker om dette på Dine sider på lanekassen.no, seier Nina Schanke Funnemark administrerande direktør i Lånekassen.

Utstyrsstipendet, som alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring kan få, skal gå til utstyr elevane treng i opplæringa. Det er fire satsar, frå 1 071 kroner til 4 412 kroner, og kor mykje elevane får, avhenger av kva for linje dei tar. Utstyrsstipendet blir utbetalt éin gang per skoleår.

Kan få ulike typar stipend

Det er også andre typar stipend for elevar på vidaregåande. Dei som må bu borte frå foreldra for å gå på skolen, kan få bortebuarstipend på 4 603 kroner i månaden. I tillegg har nokre rett på inntektsavhengig stipend (tidlegare kalla grunnstipend) fordi inntekta til foreldra er svært låg.

For elevar som er under 18 år, er det eit krav at foreldra signerer for stipendet.

– Be foreldra dine opprette ein digital postkasse på norge.no før du søker om stipend. Då kan dei signere for stipendet ditt elektronisk, seier Schanke Funnemark.

Elevar som må flytte heimanfrå for å gå på vidaregåande skole, men som startar skoleåret med å bu heime hos foreldra sine på grunn av koronasituasjonen, vil bli rekna som bortebuarar hausten 2020.