Gabriela frå Dombås på luftige eventyr i sommar (video):

På noregsferie med paraglider

I slutten av mai starta Dombås-jenta Gabriela Avagian (22) og kjærasten Dagfinn Graneng (25) på ein noko annleis noregsferie; nemleg ein frå lufta med paraglider.

På paraglidertur: Sjå video gjennom link lenger ned i saken av Gabriela og Dagfinn høgt til vêrs!  Foto: Privat/videoskjermdump

Nyheter

Då Vigga var i kontakt med flygarparet, var dei i Meløy i Nordland. Planen for dagen var å gå til eit fjell i området og flyge frå der. Her er ein video som viser dei på tur, over Vågå og Loen.