Steinar kjem med rykande fersk diktsamling

Tre år med diktskriving er nå samla mellom to permar, i diktsamlinga På heimveg.

Steinar Nyland med den rykande ferske diktsamlinga si; På heimveg.  Foto: Monica Hjelle

Nyheter

Nyland er opphaveleg frå Lesja, og dikta er skreve på dialekta, som sit i fingerspissane sjølv om han flytta frå heimbygda på 60-tallet. Også innhaldet i dikta omhandlar distriktet, med sine fjell, dyr og folk – blant anna.

- Det er noko med området ein voks opp i. Ein synes ein kjenner både folk og natur uansett kor lang tid det går. Sterke inntrykk som fester seg i barneåra og som nesten blir forsterka med tida, meiner Steinar, som no bur i Melhus.

Diktskrivinga kom til etter at han skreiv rim til nokre bilete som Liv Aspehol hadde teke. Nokon ymta om at dette burde komme på trykk, og dermed var vegen kort til Vigga, som i fleire år no har hatt gleda av å publisere versa.

- Eg er heldig som får plukke bilete frå Livs rike fotoarkiv. Ho har verkeleg et godt auga for detaljer, roser Nyland.

Folk etterlyser dikta om dei ei veke ikkje er på plass i avisa. Nå er det altså mogeleg å kjøpe boka, som inneheld dei 100 første publikasjonane i kronologisk rekkefølge. Og diktaren har ikkje tenkt å gi seg med dette. Kvar veke tikkar det inn eit nytt dikt til redaksjonen i Vigga, og Nyland trekker på smilebandet på spørsmål om det kjem eit bind 2 i diktsamlinga.

- Du skal ikkje sjå bort frå det, humrar han.