Ny app lèt deg sjekke norske dyre- og blomsterartar

No kan du bruke mobilen til å sjekke kva slags dyr eller blomster du har funne

Den nye appen kan gje ein ny dimensjon til søndagsturen.  

Nyheter

Ein ny norsk mobilapp skal gi deg svaret.

Appen Artsorakelet er utvikla av Artsdatabanken. Brukaren kan sjekke blomster- eller dyreartar ved å søkje med eit bilete, opplyser Artsdatabanken i ei pressemelding.

Appen er spesialisert til norsk natur og har eit biletbibliotek på 1,1 millionar bilete.

– Alle kan bruke Artsorakelet og dele funna sine med Artsobservasjonar. På den måten bidreg ein til forsking og forvaltning av naturmangfald her i landet. Samtidig får Artsorakelet endå fleire bilete å trene på, seier seksjonsleiar i Artsdatabanken, Ingrid Ertshus Mathisen.

Du tek eit bilde med telefonen, eller finn fram eit som du allereie har knipsa. Så kan du spørja orakelet om kva det er. Svaret skal koma raskt attende, og du får også vite kor sikker i si sak appen er. Denne teneste kan også brukast på datamaskiner.

(©NPK)