Rune Nørstegård (49) frå Lesja er tipp-tippoldebarn til den fyrste eigaren:

Nesten 200 år gamal bok har funne vegen heim

Ein dag i mai gjekk Oline Åssveen (23) frå Lesja inn i ein bruktbutikk i studiebyen sin Oslo og fann noko ho ikkje kunne tru var sant; ei gamal matematikkbok datert 1826 med orda «Tosten Haugen fra Dovre» skreve på fyrstesida med snirklete lykkjeskrift.

Fekk bok frå 1826 i 2020: Ei rekke tilfeldigheiter seinare og Oline Åsveen kunne endeleg overlevere den gamle matteboka frå 1826 til Rune Nørstegård på Lesja. - Det er heilt utruleg at den dukkar opp etter så lang tid, seier Nørstegård. 

Nyheter

Ho tenkte difor med seg sjølv; kan denne Haugen ha att familie i nærområdet i dag? Svaret var ja. Tosten Johannesen Haugen er nemleg tipp-tippoldefar til Rune Nørstegård (49) på Lesja.