Hildrun og Magne Granseth på Dovre:

Selde motorisert sykkel frå 1922

Gøymd i låven på garden Engelshus søndre på Dovre, bak store mengder ved, har ein nesten 100 år gamal spesiell sykkel stått og samla støv i lang tid. Då ekteparet Granseth fann han fram att, bestemte dei seg for å legge han ut for sal – og tilbakemeldinga frå ivrige kjøparar var stor.

Eit stykke transporthistorie: Den gamle sykkelen ber preg av tidens tann. Den har eit motordreve framhjul, fleire gamle vesker og bagasjebrett. Den er eit eksempel på tidleg motorisert framferd.  Foto: Åsmund J. Sletten/Norsk vegmuseum

Nyheter

I juni selde dei den til Norsk vegmuseum på Lillehammer for 25 000 kroner.