Nedgang i antal arbeidssøkjarar i Innlandet:

2740 færre enn ved utgangen av juni

Ferske tal frå NAV seier at det er færre arbeidssøkjarar i Innlandet i juli kontra juni, som det kan vere fleire grunner til.

Nedgang: 12 800 personar er registrert som heilt arbeidsledige, delvis ledige eller arbeidssøkjarar på tiltak i juli. Det er ein nedgang frå juni.  Foto: ØRN E. BORGEN / NTB SCANPIX

Nyheter

I Innlandet var det ved utgangen av juli i underkant av 12 800 personar registrert som heilt arbeidsledige, delvis ledige eller arbeidssøkjarar på tiltak. Dette svarar til 6,8 prosent av arbeidsstyrken.

- Det er no 2740 færre arbeidssøkjarar enn ved utgangen av juni, seier fungerande direktør John-Arne Birkeland i NAV i Innlandet i ei pressemelding.

Av arbeidssøkjarane er 7225 stykk heilt arbeidsledige, 4973 er delvis ledige og 588 er arbeidssøkjarar på tiltak i Innlandet. Av desse er 35 arbeidsledige i Dovre og 14 i Lesja. 37 har søkt eller vedteke dagpeng under permittering i Dovre og 15 har gjort det i Lesja.

At antal heilt ledige aukar frå juni til juli er heilt normalt. Andelen heilt ledige ligg på same nivå, altså 3,8 prosent, som ved utgangen av førre månad.

Det har vore ei svak auking i antal heilt ledige arbeidssøkjarar i løpet av juli, men antal delvis ledige arbeidssøkjarar har gått kraftig ned. Det skuldast blant anna at fleire har fått endra status frå delvis ledige til heilt ledige i løpet av juli. Andelen delvis ledige er no på 2,6 prosent av arbeidsstyrken.

I Innlandet var det i juli ein tilgang på 1216 ledige stillingar, som var 19 prosent fleire stillingar pr virkedag enn juli i fjor.