Totalt ni personar mista livet i trafikken i juli:

Tre omkomne i Innlandet

Totalt ni personar omkom på norske vegar i juli. Innlandet toppar statistikken med tre omkomne.

Dårleg vurderingsevne: Farlege forbikøyringar av motorsyklistar har kosta to liv i sommar.  Foto: Knut Opeide / Statens Vegvesen

Nyheter

Fire kvinner og fem menn har mista livet i trafikken i juli, der tre av dei var i Innlandet.

Den gruppa med flest omkomne i sommarmånadane juni og juli var MC-førarar. Dei utgjer 11 av dei totalt 18 omkomne.

Av desse 11, omkom sju i utforkøyringsulykker. To var møteulykker som skuldast forbikøyring av motorsyklisten sjølv. Gjennomsnittsalderen er relativt høg; 9 av 11 omkomne MC-førarar var i aldersgruppa 40-59 år.

- Dette er svært urovekkande tal, seier avdelingsdirektør for trafikksikkerheit i Statens vegvesen Guro Ranes.

I fjor omkom det totalt 56 personar i trafikken i juli kontra 60 stykk i år. I Innlandet har det omkomme 8 stykk kontra 7 i fjor. Det er for tidleg å seie kva denne auken skuldast, men Vegvesenet si ulykkesanalysegruppe skal analysere alle ulykkene for å kartleggje grunner og eventuelle samanhengar.

Så langt i år ligg talet på omkomne i trafikken litt over fjoråret.

- Det synest ikkje å vera noko endring som kan tilskrivast korona-viruset, seier Ranes.

I andre europeiske land har talet på omkomne i trafikken gått til dels krafitg ned i 2020, som resultat av korona-pandemien. Dei norske tala liknar derimot nabolanda Sverige og Danmark, der ein også har registrert lite eller inga endring samanlikna med 2019.