Brant i kontainer ved Furukroken - fekk kontroll med det samme:

Uhell med eingongsgrill

Rundt klokka 15 fredag fekk politiet melding om at det brant i ein kontainer i bakgården ved Furukroken på Dombås. Grunnen var ein eingongsgrill som ikkje var heilt slukka.

Kontrollert: Både politi og brannvesen var på plass med det same og fekk kontroll over situasjonen.  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

- Det var heilt udramatisk. Vi fekk melding for berre fem minutt sidan, fortel politibetjent Ingrid Tøndel til Vigga.

Mistanke om at noko var på ferde skjedde då det blei sett røyk som seig utor kontaineren. Det viste seg då altså å vere ein eingongsgrill som ikkje var ordentleg slukka.

Avslørt av røyken: Røyken seig utor kontaineren og vitna dermed at noko ikkje var som det skulle denne fredagen.  Foto: Anne-Mari Myhrmoen

Det låg litt søppel i kontaineren som tok fyr, men dette blei tøyla før det rakk å utvikle seg til store flammar.

Både politi og brannvesen var på plassen raskt og fekk kontroll over situasjonen med det samme.