Lesja og Dovre legekontor har ikkje fått inn fleire smittetilfelle:

Så langt koronafri turistsommar

Vi er i starten av august, noko som vil seie at det siste smittetilfellet av covid-19 i Lesja og Dovre var for fleire månadar sidan. Per no i sommar har det ikkje komme inn menneske på legekontora med korona, verken lokale eller turistar.

Roleg: Det er rolege tider hjå legekontora med tanke på koronatesting. - Vi merkar ikkje at det er større pågang enn vanleg, det varierer frå dag til dag, seier kommunlege i Dovre Gurgen Nazaretian.  Foto: Frida Amundgård/arkiv

Nyheter

Utanriksdepartementet rådar frå reiser som ikkje er strengt naudsynte til alle land, med unntak av regionar i Norden samt land i EØS/Schengen-området. Dette tyder på at vi i størst mogleg grad skal opphalde oss innanlands, og turiststraumen er difor eit faktum.