Blinkfestivalen 2020:

Skaut seg til ein sjetteplass

Etter ein spanande skiskyting der ho hoppa mellom andre og tredjeplass, endte Juni Arnekleiv på ein sjetteplass til slutt.

  Foto: NRK/skjermdump

Nyheter

Dag to av Blinkfestivalen gjekk føre seg på Sandnes Arena. Fredag gjekk Arnekleiv den nye greina supersprint med skiskyting. Runda deira var 1,3 kilometer som skulle gås fem gonger. Dei var 15 deltakarar.

Fyrste skyting er liggande og her skyt ho fullt hus. Då tek ho seg inn på ein tredjeplass for så å ta seg inn på andreplass. Her ligg ho bak Mari Wetterhus. På andre skyting får ho ein bom, men ho ligg likevel på andreplass, no bak Åsne Skrede.

Juni imponerte og låg på andreplass i starten av sprinten, etter Åsne Skrede.  Foto: NRK/skjermdump

Tredje skyting er ståande og her blir det to bom, noko som resulterar at ho endar opp på ein sjetteplass. Denne plassen beheld ho også etter fjerde skyting der ho får ein bom.

Arnekleiv si plassering blir sjetteplass med 25,6 sekund bak fyrsteplassen til Karoline Knotten. Marte Olsbu Røisland tek andreplassen og Ingrid Landmark Tandrevold endar på tredje.

Her kjem Juni inn på ein sjetteplass.  Foto: NRK/skjermdump