Statsministeren besøker Dovre og Lesja

Denne veka tek statsminister Erna Solberg turen til Dovrefjell og Lesja.

På fjelltur: Statsminister Erna Solberg besøker Dovre og Lesja på tysdag og onsdag.  Foto: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor

Nyheter

Besøket startar på Dovre, med eit opphald på Snøheim tysdag kveld. Der vil statsministeren møte DNT og reislivaktørar i Trøndelag og Nord-Gudbrandsdal, for å få ei orientering om årets reislivsesong og korleis den vert påverka av koronasituasjonen.