9 omkom i trafikken i august – Ein i Innlandet

Ni personar omkom i trafikken i august, der det er møteulykker og utforkøyringsulykker som dominerer bildet.

  Foto: Colourbox

Nyheter

Så langt i år har 69 personar mista livet i trafikken på norske vegar, ifølge Statens Vegvesens foreløpige ulykkestal.

I løpet av august var det berre menn som omkom, og tre av dei ni ulykkene skjedde i Nordland. To omkom i Vestland og Rogaland, medan ein omkom i kvart av fylka Innlandet og Viken.

Resten av landets fylke opplevde dermed ingen dødsfall i august-trafikken.

Møte- og utforkøyringsulykker dominerer ulykkesbildet så langt i år, der 26 har mista livet i møteulykker og 30 omkom i utforkøyringsulykker. I tillegg ser vegvesenet ein negativ utvikling for aldersgruppa 45 – 64 år.

Til samanlikning var det like mange som døde i trafikken same månad i fjor. Men totalt var det åtte fleire møteulykker i 2020 enn i fjor, per august. Av utforkøyringar har det vore ein oppgang på seks dødsfall samanlikna med i fjor, medan påkøyring bakfrå, fotgjengarulykker og anna har hatt ein nedgang på høvesvis tre, to og fem dødsfall.

Totalt har det vore fire fleire dødsfall i trafikken per august 2020 enn per august 2019.