Klar for skulestart på måndag - I eigen traktor tek Svein (16) fatt på den 250 kilometer lange skulevegen

Svein Tynnøl frå Lesja startar skuleåret med å køyre om lag 25 mil med traktor til landbruksskulen Jønsberg i Stange kommune.

Saktetur: I eigen traktor skal Svein Tynnøl køyre frå Lesja til Stange kor han skal starte på ny skule.  Foto: Simen Rudiløkken

Nyheter

16-åringen skal starte på den vidaregåande skulen for fyrste gong, og kva er vel meir passande enn å kome i traktor når ein skal starte skuleåret.