Peder og Ola leitar etter savna Skogingar - no treng dei hjelp

Kan du hjelpe Ola Lien og Peder Bjorli med å finne «Skogingar» som har vore sakna heilt sidan 70-talet?

Peder Bjorli og Ola Lien håpar å få samla inn alle utgåver av lagsavisa "Skogingen". 

Nyheter

Ungdomslaget U.L. Fram på Lesjaskog var i drift fram til midt på 1970-talet. Heilt sidan starten i 1894 vart det skrive lagsavis. Bøkene som inneheld desse avisene er det ingen som veit kvar er, bortsett frå den heilt siste boka som inneheld lagsavisa «Skogingen» frå starten på 60-talet og utover. Lien og Bjorli har eit ynskje om å få tak i desse bøkene for å samle dei på biblioteket på Lesjaskog. Her vil dei at det skal vere tilgjengeleg for å blad i, for alle som er interesserte.

I «Skogingen» sto det ofte noko nyttig informasjon om laget, dikt, litt sladder og artigheiter. Avisa vart lese opp på kvart møte, og to nye vart utplukka til å skrive «Skogingen» til neste møte.

– Eg hugsar at det var frykteleg spennande kvar gong lagsavisa skulle lesast opp. Det vart skratta godt, fortel Lien.

Han var med i ungdomslaget frå 15-års alderen, og til aktiviteten slutta på 70-talet. Du kunne vera medlem frå konfirmasjonsalderen, og det var inga øvre aldersgrense. Ungdomslagsmedlem kunne du vera så lengje du ville.

Det er ymse innhald, ofte av humoristisk slag. Det er innført med sirleg handskrift.  

Møtene var om lag kvar fjortande dag. Da var det kaffe, prat og spørjekonkurransar. Det hendte også at det var teater eller dans. Møtene var på ungdomshuset Samhold, her var det også festar. Godt over 100 personar i eit vidt aldersspenn har sett namnetrekket sitt i «Skogingen» etter at laget feira sitt 75 års jubileum med grautfest i Samhold.

Det var tre bøker som til ei kvar tid følgde laget; ei med rekneskap, ei med protokoll og ei med lagsavisa. Bøkene hadde ikkje noko fast tilhaldsstad, dei følgde dei som sat i styret til ein kvar tid. Derfor kan dei vera nær sagt kvar som helst i bygda.

– Eg veit at dei gamle utgåvene av «Skogingen» var samla i ei pappeske som var tilpassa bredda på bøkene, seier Lien.

– Eg ser stor verdi i å få samla desse bøkene att, seier Bjorli.

Lien meiner at det kan gje eit godt bilete på kva folk var opptekne av, og at spesielt dei eldste utgåvene kan gje eit glimt av tida som var.

– Vi er kanskje mange år for seint ute, men vi håper vi kan få folk til å tenkje etter om dei veit kvar bøkene kan vera, seier Bjorli, og oppfordrar dei som veit noko om å ta kontakt.

Kvar nye redaktør laga ny logo.