– Det må vere ein av dei største dagane eg har hatt som ordførar

I sommar er årets siste ryddesesong i det tidlegare skytefeltet på Hjerkinn, og ordførarane i Lesja og Dovre fekk begge vere med i manngard for å leite etter blindgjengarar i fjellet.

Med på eksplosivrydding: Ordførar i Lesja, Mariann Skotte (t.v.), i militært utstyr var med i manngard for å leite etter eksplosiver tidlegare i sommar.  Foto: Pål skovli henriksen/Forsvarsbygg

Nyheter

Lesja-ordførar Mariann Skotte og Dovre-ordførar Astrid Skomakerstuen Ruste fekk velje ut kvart sitt område på kartet som dei ville at Forsvaret skulle gå over ein ekstra gong for å leite etter restar etter ammunisjon frå da det var aktivitet i skytefeltet.