Lesja helsehus står ferdig i oktober:

Gjev ein stor takk til alle som har bidrege

Lesja helsehus er ikkje heilt ferdig, men det nærmar seg opning med stormskritt. Difor sette sjukehusleiinga i hop ein liten hyggeleg møteplass onsdag 9. september for alle dei som har vore med å jobba for å gjere helsehuset til det no har blitt.

Stor arbeidsgjeng: Det er ein stor arbeidsgjeng som står bak heile byggeprosessen, med mange firma, forskjellige avgjerder og til slutt eit endeleg produkt.  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

Det er ikkje ei offisiell opning, men heller ei lita merksemd til dei som har jobba så lenge med å bli ferdige med alt det innvendige.