Verdensdagen for selvmordforebygging:

Det finst personar som kan hjelpe

Tankar er private ting som ingen har innsyn til, om ein då ikkje vel å dele dei med andre. Det kan vere livsviktig.

  Foto: Hannah Busing/Unsplash

Nyheter

Under årets motto «Sammen for forebygging av selvmord» retter Verdensdagen for selvmordforebygging fokus på korleis vi saman kan gjere vårt for å førebygge sjølvmord.

Mellom 500-600 menneske tek livet sitt kvart år i Norge. Temaet er framleis sterkt tabubelagt, men god informasjon om korleis ein kan førebygge sjølvmord, antas å hindre nye tragediar. Det er difor blitt større åpenheit om sjølvmord, og det er blitt oppretta fleire hjelpetiltak. Sidan 2003 har Verdensdagen for selvmordsforebygging blitt markert 10. september kvart år.


Verdsdagen for forebygging av sjølvmord:

Historia om Knut

I dag er det verdsdagen for forebygging av sjølvmord. Korleis er det å vere dei næraste når noko slikt skjer?


Ver oppmerksam på deg sjølv

Grunnane til at ein person får tankar om eller prøvar å ta livet sitt, er ofte varierte og samansette. Det er ingen fasit på kva ein «må» føle eller spesifikke ting ein «må» oppleve for å kunne kjenne på den vonde kjensla. For nokre er sjølvmordstankar knytt til ei krise eller depressiv episode, hjå andre er det eit langvarig og tilbakevendande problem. Det finst mange stader å få hjelp og god behandling. Å snakke med nokon kan bidra til å sortere tankane og gjere det lettare å handtere situasjonen.

Om ein får tankar om å ta sitt eige liv, er det bra å ha tenkt igjennom på førehand kva ein sjølv kan gjere for å lette situasjonen. Ver oppmerksam på tankar, kjensler og åtferd som sender deg inn i dårlege vanar. Søk hjelp frå familie, vener og andre nettverk, som tenester og personar som spesialiserar seg innan nett dette. Ein må likevel vere klar på korleis ein ynskjer å bli møtt i slike situasjonar og kva ein sjølv meiner kan vere til hjelp og som eventuelt kan gi god behandling.

- Det er mange som trekk seg tilbake, men ein må tørre å prate om det. Om ein seier at ein vil ta livet sitt, er det bra å ta tak i det og spørje: "Meiner du verkeleg det?" Nokre gonger kan det komme som lyn frå klar himmel og det er ingen klare svar på kvifor nokre tek livet sitt og andre ikkje; dei kan ha det ganske likt men så er det ein av desse som tek sjølvmord. Så det er veldig samansatt, seier psykiatrisk sjukepleier i Dovre kommune Leena Kaarbø.

Mange som er i ei krise orkar ikkje, eller veit ikkje, kvar dei skal vende seg. Enkelte har det så vanskeleg at dei ikkje er i stand til å hjelpe seg sjølv. Då er det viktig at dei som er i nærleiken tek initiativ og snakkar med vedkommande. Det å spørje nokon om dei har tankar om å ta sitt eige liv, vil ikkje gjere det vanskelegare; det kan tvert imot bidra til å redde liv.

Kan vere vanskeleg å dele

- Sjølvmord er eit viktig tema. Det er mange situasjonar som kan føre til desse tankane, som problem i arbeidshold, familien eller forskjellig misbruk. Då er man meir sårbar. Symptom på at ein slit, er dersom ein forandrar seg fysisk, får minskande interesse for ting, legg på seg, går ned i vekt, søvnvanskar, får dårleg matlyst eller har bråe åtferdsendringar. Skjødeslaushet er også eit symptom. Men det er ikkje nokon fasit. Er man bekymra, må ein spørje, seier Kaarbø.

Det kan vere veldig vanskeleg å sjå at nokon slit dersom dei ikkje er opne om det eller gir deg grunn til å tru at noko er gale. Difor gjeld det å vere ekstra påpasseleg dersom ein får mistanke om at det ikkje verkar som alt er som det skal. Ting ein kan sjå etter er symptom på psykisk liding, særleg depresjon og ei kjensle av håplausheit. Om personen har angst, er rastlaust eller ei generell indre uro kan det vere teikn. Klarar personen å sette ord på kjenslene sine og innrømmer ting sjølv, gir det ein ganske klar indikasjon på at dei treng hjelp sidan dei er ærlege om det som skjer inne i dei.

Om ein får tankar om å ta sitt eige liv, er det bra å ha tenkt igjennom på førehand kva ein sjølv kan gjere for å lette situasjonen. Ver oppmerksam på tankar, kjensler og åtferd som sender deg inn i dårlege vanar. Søk hjelp frå familie, vener og andre nettverk, som tenester og personar som spesialiserar seg innan nett dette. Ein må likevel vere klar på korleis ein ynskjer å bli møtt i slike situasjonar og kva ein sjølv meiner kan vere til hjelp og som eventuelt kan gi god behandling.

- Mange går med tankane for seg sjølv og det i seg sjølv treng ikkje vere så farlig – berre ein får det ut og får satt ord på det. Det er når ein byrjar å planlegge at det blir alvorleg og at ein sitt med tankar som: «Hadde andre fått det betre om eg var borte?» Vedvarar dette og utviklar seg til planer, bør det ringe nokre bjeller, seier Kaarbø.

Populærkultur kan påverke negativt

Vi blir bombardert med inntrykk heile tida frå forskjellige kantar. Sjølvsagt av det og dei vi fysisk omgir oss med, men også av det vi finn på nett. Populærkultur er noko vi strekk oss etter heile tida for fylle keisame tider for eksempel, men nokre gonger undervurderer vi kva vi faktisk tolerer. Ein finn lett fram til ting sjølv, men difor er det så viktig at det som faktisk blir presentert til oss, ikkje påverkar oss negativt. Sjølvmord og sjølvskading er følsame tema i utgangspunktet og det er viktig det blir handtert riktig når det skal portrettere ei sanning.

- Openheit er bra, men ikkje slik det skjer i media. Det må vere sakleg. Sjølvmord er ikkje tema for underhaldning. Ein blir lettare påverka viss ein allereie har tanker om det også ser du andre som gjer det. Det er tilgjengeleg for alle, men det er ei bekymring retta mot ungdommen fordi dei skjønar kanskje ikkje heilt alvoret. Det er uheldig at slike ting blir vist på nett, seire Kaarbø.

Det er ein vurderingssak kva ein sjølv følar at ein toler, spesielt når ein er ung og uerfaren kva gjeld det ein blir servert. Difor er det viktig at foreldre, vener og dei som står ein nær veit kva som skjer og kva vedkommande oppsøkjer. Alt er berre eit tastetrykk unna i dagens samfunn, noko som er både bra og dårleg.

Det finst dei som kan hjelpe

Tal frå 2018 viser at totalt 674 menneske tok sjølvmord det året. 472 av dei var menn og 202 var kvinner. Året før var det 593 som tok livet sitt. Verdens helseorganisasjon anslår at det skjer i alt over ein million sjølvmord i verda kvart år. Det er fleire som døyr av sjølvmord enn av krig, vald og kriminalitet til saman. For kvar person som døyr, er det enda fleire som blir påverka av sjølvmordet.

Når du opplever sjølvmordstankar er det viktig å vite at du ikkje er åleine om å ha det slik. Det finst personar som kan hjelpe deg. Snakk med nokon du stolar på og fortel korleis du har det, eller ta kontakt med ein helseteneste eller hjelpetelefon.

Om du treng hjelp, er dette ei liste med dei du kan kontakte:

Kirkens SOS

22 40 00 40

Kors på halsen (Røde kors)

800 33 221

Mental Helse

116 123

Umiddelbar hjelp? Legevakten har telefonnummer 116 117 og nødnummeret er 113.


Kjelder:

helsenorge.no, fhi, no, uio.no, leve.no